Sirdal Kyrkje

Haughom Kapell

Haughom kapell er bygd i 1930, og vart vigsla 9. oktober 1930 av biskop Bernt Støylen. Kapellet er bygd etter teikning av arkitekt John A. Søyland. Brødrene Fjogstad frå Sandnes stod for bygginga. Kapellet blei finansiert med eit statstilskot på kr 4000 og kommunalt tilskot på kr 2000. Mellom 9-10000 blei samla inn mellom folk i krinsen.

Den øvre delen av Bakke kommune, med gardane frå Espetveit til Ovedal, hadde kyrkja si på Bakke. Vegen til Bakke kyrkje var lang. To mil kvar veg i båt frå Haughom. Før båten "Fram" kom, måtte konfirmantane ro denne vegen når dei skulle lesa for presten. Dei hadde med seg ein vaksen, men dei rodde sjølv åttringen. Når Sirdalsvatnet var meinført, kunne det vera mest uråd å kome til kyrkje. Særleg var det store problem når dei skulle til kyrkje og gravleggja ein avliden. Alt kring 1915 kom det fram tankar om å få ein hjelpekyrkjegard i øvre delen av bygda. Per Toresen, og Sven P. Haughom gav fri grunn til gravplass. Eit lite klokketårn vart reist, og ei lys og grann klokke kalla folk saman. Gravplassen vart vigsla i 1920.

Folket i grenda ynskte sterkt si eiga kyrkje,men Bakke kommune var i eit økonomisk uføre, og kunne ikkje løyva midlar til nytt kyrkjebygg. Det blei sett i gong privat pengeinnsamling slik at kyrkje kan kunne byggjast. Den pådrivande personen i å få reist kapellet, var O.T. Dahl.

Han ordna med dei formelle tinga, og hadde stor brevveksling med mellom anna sokneprest Skullerud. I eit av svara listar presten opp 10 punkt som må oppfyllast. Mellom anna måtte søke Kongen om å få bygge kapell, og framlegg til kor mange gudstenester det skulle vere i kapellet.

Endeleg, etter ti års innsats, kunne kapellet vigslast 9. oktober 1930 av biskop Bernt Støylen. Altertavla er frå 1959 og er laga av maleren Kåre Øijord og treskjærer Jon Asbjørn Berge. Ho vart gjeven i gave til bygda frå lektor Tønnes B. Øksendal. I 1987 fekk kapellet nytt orgel bygd av  orgelbyggjarane Gebr. Reil frå Nederland. 9. oktober ble 75 årsdagen feira med festgudsteneste med biskop Olav Skjevesland til stades.

Kyrkjetenar: Karl Edvald Fjeldsaa

Reinhaldar: Dah May Htoo

Aktiviteter
Tonstad barnekor og Cantarellene
Tonstad barnekor og Cantarellene
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Revelation
Revelation
Åpent Hus
Åpent Hus
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no