Sirdal Kyrkje

Dele gode ting

 Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus! (Ef. 5,20)

 Det er onsdag kveld og øving i barnekoret. ”Hva kan jeg takke Gud for?” syng barna med ivrige stemmer, og songen gjev svaret: ”Alt som du er glad for kan du takke for.” Det er ofte enklare å leggje merke til dei tinga som manglar enn dei eg faktisk har. Eg er aldri så klar over at eg har ein hals som dei gongane eg er forkjøla og sår i halsen. Når eg er frisk tek eg kroppen som ei sjølvfølgje. Det er lett å be Gud om hjelp når ting er vanskelege, men hugsar eg å takke?

Eg las ei gong om eit ektepar som hadde som regel at dei kvar kveld skulle dele ”3 gode ting” med kvarandre. Dette kunne vere positive hendingar i løpet av dagen som hadde gått, noko artig barna hadde sagt eller andre ting som hadde gjeve dei glede. Å dele desse gode opplevingane var eit fast ritual, uansett kvar i verda dei var, kor slitne dei var eller korleis dagen hadde vore, og fungerte som et positivt ”lim” i forholdet.

Kanskje du kan dele ”3 gode ting” med Gud kvar dag? ”Alt som du er glad for kan du takke for.”

 

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)