Sirdal Kyrkje

Vi skal vere her

Det minkar på kristne i det heilage landet og dei andre landa i Midt-Austen. Stadig reiser unge familier, unge menn til USA, Kanada, Europa. Nokon flyktar frå livsfare som i Irak. Andre emigrerer fordi det blir for vanskeleg.
Men mange blir. Det gjorde inntrykk å få møte leiarar og andre i kyrkjer i Syria og Jordan nyleg. Fleire av dei er kyrkjer med røter attende til den første kristne tid. Dette var der dei første kyrkjelydane blei til, dei første kristne områda. Lærestridar og maktkamp mellom aust og vest har ført til splittingar opp gjenom historia. No er dei mykje opnare for kvarandre. Dei er våre kristne sysken, men dei er lenge blitt gløymde av kristne i vest. Det gjorde inntrykk å møte dei og lære om dei. Ein gong var dei i fleirtal. No er dei minioritetar. Det er svært lite fridom dei har med våre auge. Dei får ha sine kyrkjer, men alt må skje innanfor kyrkja sine veggar. Det er ikkje lov å forkynne utanfor eller drive evangelisering. Det er svært vanskeleg for ein muslim å gå over til kristen tru. Ein kan undre seg. Korleis går det an å vere kristen kyrkje når det er slik. Då gjer det inntrykk når fleira sa: ”Vi kristne har det bra her i Syria.” ”Vi kristne har det bra her i Jordan.” Vi har kall til å vere her som kristne, som kyrkje. Vi er kalla til å elske våre muslimske naboar og landsmenn. Vi er kalla til å vitne om Jesus kjærleik med våre liv. Det var ikkje berre ord. Dei kunne opne dørene for flyktningar på ein måte som gir oss grunn til å bli skamfulle. Dei dreiv skular og barnehagar. Dei dreiv barneheimar.
”De er saltet på jorda!”sa Jesus. ”De er lyset i verda.” For nokon betyr dei orda at dei veljer å bli, når andre ikkje ser nokon annan utveg enn å emigrere.


 Sigurd Flydal

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)