Sirdal Kyrkje

Lasarus

 To stader dukkar dette namnet opp i det nye testamentet. Begge stadene handlar det på ein måte om teikn. Eine staden er i forteljinga om den rike mannen og Lasarus. Det er einaste gongen Jesus gir namn til ein av personane i forteljingane sine. Kanskje ikkje tilfeldig. Den rike ber Abraham om han ikkje kan sende Lasarus til heimen sin for å åtvare brørne sine. Han trur at dersom ein frå dei døde kjem, då vil dei vende om.

Lasarus, bror til Marta og Maria og nær venn til Jesus blei vekt opp av grava. Det var av dei store teikna. Mange kom til tru, på grunn av det, står det. Det blei snakka om å rydde også han av vegen på grunn av det.

Men kva teikn var det Lasarus fekk? Jo, i første omgang dette ufattelege. Han hadde fått livet. Han kunne leve som vanleg i lag med sine endå nokre år. Det var det største som kunne skje, vil vi tenkje og vi kan berre ane kva Jesus var for Lasarus og dei rundt han. Men kva skjedde ikkje lenge etter? Kva skjedde med han som hadde vist si guddomsmakt i møte med døden? Det må ha vore underleg for Lasarus å vere vitne til kva som skjedde med han som hadde gitt han livet.

Det var krossen som skapte kristendomen, ikkje oppvekkinga av Lasarus. Det var ikkje teikn frå dei døde eller overtydande tale om at kristendomen var best, men bodskapen om han som døydde på ein kross. Det kan dei to Lasarus minne oss om.

20 år seinare skriv Paulus til flokken i Korint: For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner ein krossfest Kristus.

I. Kor 1,23.

 

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)