Sirdal Kyrkje

Lengsel

”Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle for han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han”.
Forteljinga om den bortkomne sonen fortel om ein far som lengtar etter sonen sin, underleg nok. Bibelen er boka som fortel om ein Far som lengtar etter alle sine søner og døtre, underleg nok. Slik vi har stelt oss som enkeltmenneske og slik vi har stelt oss i fellesskap, er det ikkje noko sjølvsagt. Tenk på korleis vi har forvalta skaparverket. Vi har så visst tatt ut arven på forskot slik den bortkomne sonen gjorde. Vi har synda mot himmelen og mot Gud. Vi har synda mot dei fattige og mot komande generasjonar. Nei, det er alt anna enn sjølvsagt at der er ein Gud som lengtar etter si skapning. Det er ikkje sjølvsagt at det går an å snu, og gi seg på veg attende til Gud. Men det er det Jesus seier i forteljinga om den bortkomne sonen. Det er det Jesus seier med sit liv og sin død.
Det går ein veg attende til farshuset. Det går an å vende om i vår forvaltning av skaparverket. Det går an å vende om i våre liv. Lengsel, er det ikkje det ordet som står skrive over mykje av det vi er opptatt av og strevar med. Lengsel etter meining. Lengsel etter å høyre til. Lengsel etter livshjelp, rammer for livet. Ein Gud som lengtar etter si skapning, det er ei god melding for alle som lengtar. Ein Far som tar imot er ei god melding til alle søner og døtre som vil bryte opp og gi seg på veg heim.

 Sigurd Flydal

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)