Sirdal Kyrkje

Det gode livet

Korleis ser det gode livet ut? Korleis skulle livet vere? Truleg gjer vi våre store og små valg ut frå eit bilete vi har av det gode livet. Blir vi opprørde av noko vi blir vitne til, er det gjerne fordi det ikkje passar med biletet vårt av livet slik det skulle vere. Ofte er det forteljingar og bilete i bibelen som har forma bileta våre av det gode livet. Biletet av hyrdingen og sauene er eit slikt bilete. Vi møter det allereie i det gamle testamentet. Salme 23: ”Han let meg ligge i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, og gjev meg ny kraft.” Den gode hyrdingen har omsorg, vernar mot fare, leier på rette stiar. Biletet av hyrdingen som vaktar sauene gir bilete av korleis Gud er. Det gir bilete av korleis livet skulle vere. Slik hyrdingen er skulle den sterke vere mot den svake. Slik skulle den vaksne vere mot barn. Det seiest at ein sau har store problem med å komme seg på føtene att, om han blir liggande med føtene i veret. Sjølvsagt trer vi til om vi skulle komme over ein sau som var hamna i ein slik situasjon. Det hender at barn og blir liggande nede og treng at nokon ser eller gjer noko. Det hender at ein ungdom står i fare for å ville seg vekk. Når livet er slik det skulle vere, så er der ein god gjetar då, ein som kan sjå og gjere det som trengst. Kanskje er det du eller eg. Vi er både sauer og vi er gjetarar. I eine augneblinken er det vi som treng å bli tatt hand om. I neste augneblinken er det nokon som treng oss.
Så seier biletet om hyrdingen og sauene noko om korleis Gud er. Jesus kom og viste seg som den gode hyrdingen. Han er hyrdingen som gjekk i døden for sauene. Jesus seier: ”Eg er den gode hyrdingen. Den Gode hyrdingen set livet til for sauene.”
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)