Sirdal Kyrkje

Omflakkande eller pilegrim?

”Alle” reiser for tida. Den har nettopp vore der. Den skal dit i neste veke. Eksotisk og spanande skal det vere. Kvifor all reisinga? Kva handlar det om? Er der nokon samanheng mellom det ytre og det indre? Handlar det om å vere omflakkande eller handlar det om å vere pilegrim?
Begge deler handlar om å vere på reise, men det er stor skilnad. ”Far min var ein omflakkande arame,” står det i ei av jødane sine truvedkjenningar. Abraham var ein omflakkande. Han var det Kain var, heimlaus, ein som flakka frå stad til stad. Men ved Guds kall blei Abraham ein pilegrim. Han var framleis ein framand, framleis på reise, men likevel var det annleis: Han flakka ikkje lenger ikring. Han var på veg mot eit mål: Landet – heimen – som Gud hadde gitt han.
Denne tida i kyrkjeåret blir vi minte om at vi er kalla til å vere pilegrimar på jord. I Jesus Kristus er vi frigjorde frå Kain si forbanning til å vere fredlaus og heimlaus. I Jesus har vi eit heimland å vandre mot. I Jesus er vi Guds barn og Guds slekt.
I all overfloda er det lett å gro fast til jordelivet om vi reiser aldri så mykje. Gud kallar oss til oppbrot slik han kalla Abraham, slik Jesus kalla læresveinane. Vi skal ikkje vere her alltid. Livet her er meir som eit liv i grenseland mot det som skal koma. Å vere pilegrim er å leve ope for Guds rike. Kvar augneblink kan kjærleiken bryte gjennom. Kvar augneblink kan freden bryte gjennom. Kvar augneblink kan oppstoda bryte gjennom. Å vere pilegrim er å la denne forventninga vere med i stort og smått gjennom dagen. Å vere pilegrim er å gi rom for dette allereie no,
”Fylg meg!” Det er Jesus kall også til oss. Det er eit kall til å fylgje han på vår vandring på jorda. Det er å fylgje han gjennom døden til livet. Han har gått føre. Vi skal fylgje etter. Han går føre og han går med. Han vil gi oss det vi treng på vår vandring, mat og trøyst, kvile og kraft. Vi er kalla til å vere pilegrimar.

Sigurd Flydal

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)