Sirdal Kyrkje

Den store forteljinga og den lille

Forteljingar fascinerar. Vi les forteljingar. Vi lyttar til forteljingar, om dei er sanne eller oppdikta. Å kunne fortelje er ein kunst. Det skal vere ein tråd i det, elles misser vi interessa. Slutten må henge saman med starten osb. Kvifor lar vi oss fascinere av forteljinga? Nokon meinar at det er fordi den gode forteljinga på eit eller anna vis handlar om noko viktig i livet, noko som rører ved mitt liv.
Fleire har byrja å tale om bibelen som forteljing. Heile bibelen er den store forteljinga. Det som står på bibelens siste blad heng saman med det som står på dei første. Den nye himmelen og den nye jorda skal avløyse den himmelen og jorda som dei første sidene fortell om. Havet, skal ikkje vere meir. Ein skal få ete av livsens tre. Ein skal gå inn gjennom portane. Alt dette knyter til det vi les i starten av bibelen.
Den store forteljinga med dei lange linene. Så flettar dei mange mindre forteljingane seg inn i den store og blir ein del av ho. Viktigast er det dramatiske midtpunktet, vendepunktet med Jesus. Heile verda sin lagnad ligg i hans hand. No ved årsskiftet i kyrkjeåret og inngangen til advent blir vi igjen minna om det store vendepunktet.
Bibelen handlar også om mitt liv.Han er ikkje berre forteljing om andre sine liv. Mi livs forteljing har sin plass der. Vanlegvis er ei forteljing avslutta i fortid. Den bibelske forteljinga er annaleis. Ho avsluttar framtida. Ho fortel om korleis denne verda skal avløysast av ei ny. Men korleis avslutningen av forteljinga blir er og avhengig av korleis mi livsforteljing blir. Korleis blir ho ein del av den store. Det igjen er avhengig av korleis han som blir kalla Alfa og Omega er blitt ein del av mi forteljing. Ein gong fekk mitt liv eit vendepunkt i han. Skal mi livsforteljing også bli ein del av hans i den delen av forteljinga som står att?


Sigurd Flydal

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)