Sirdal Kyrkje

Kva i all verda er skjedd med jula?

Ein skuleelev på julejobb i shoppingsenteret pakkar julegåver så kvikt ho maktar:
Julepapir, blanke band og kjappe fingrar i samspel. Ho kastar eit blikk på den lange køa framfor pakkedisken. Ho klarar ikkje å dy seg, og sukkar høgt: ”Kva i all verda er skjedd med jula?”
Sukket er lett å skjøne. Jesus sin fødsel inn i vår verd har nesten drukna i shopping, pakking og køkøyring. ”Adventstida” har vorte ”shoppingdagane før jul”. Englesongen over Betlehemsmarkene er blitt til kassaklangen over julemarknaden. Ja, kva har hendt med jula? Under sukket ligg vel et ynskje om å finne tilbake til jula si ”eigentlege” meining. Når vi spør etter jula si ”eigentlege” meining, spør vi sjølvsagt etter jula si ”religiøse” meining. For jula er jo, ikkje sant, feiringa av Jesus sin fødsel. Han kom for å bringe freden og gleda og nåden inn i livet vårt. Dette er jula si meining som heilag høgtid.
Det er ikkje merkeleg at vi sukkar over at materialismen tilslørar det under Gud gjorde i Maria sitt liv. Det er heller ikkje rart at vi lengtar tilbake til den eigentlege meininga med jula. Men stopp litt! - Når vi tenkjer slik og lengtar etter ei ”rein” jul, uskuldskvit som eit julekort - då kan vi faktisk tape heile poenget med jula. Lukas fortel ikkje at Jesus vart fødd på ein heilagdag. Jesus vart ikkje fødd i kyrkjetida, for å seie det slik, men under ei skattinnskriving. Jesus vart fødd på ein dag med livleg handel i kroer og vertshus. Det var kø langs vegane og umogeleg å finne hotellrom. Då englar proklamerte at Jesus var fødd, heldt ikkje prestane på å tenne ljos i tempelet. Fattige gjetarar strevde til livets opphald ute på jordene.
Det er klart at meininga med jula kan drukne i stress og kommers. Men det som er like klart, er at Jesus kom til denne verda i jordisk kjøt og blod. Jesus kom ikkje inn i eit åndeleg avlukke, fjernt frå menneskja sin livskamp. Han kom som menneskeven inn i våre kvardagar.
Var det ikkje slik, rommar ikkje Jesus sin fødsel eit godt bodskap. Om jula si nyheit berre passa til avissida for religiøst stoff, var dette ein smal nyheit med lita rekkjevidde. Lukas sitt juleevangelium vil nettopp få fram at Jesus sin fødsel hende i den virvlande kvardagen til menneskjer. Difor passar nyheita på alle avissider. For nyheita gjeld livet i sitt mangfald. Kultur. Politikk. Business. Sport.
Neste gong vi står ved pakkedisken og ser på rada av menneskjer som stressar i julestrida- då kan vi tenkje: Det var til oss han kom, kvardagsmenneskja. Som ven og frelsar.
Av biskop Olav Skjevesland
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)