Sirdal Kyrkje

stole p Han

Hos profeten Jesaja finn vi eit sterkt løfte frå Gud til oss:
 
”For om fjella vik og om haugane vert rikka, så skal ikkje min nåde vika frå deg, og mi fredspakt skal aldri rikkast, seier Herren, som miskunnar deg.” 
(Jesaja 54,10)
 
Gud ber oss om å stole på Han. Han vil alltid vere der for oss.
 
Det er ikkje eit løfte om eit enkelt og problemfritt liv. Men det er eit løfte om at du og eg skal sleppe å vere åleine, vi vil alltid ha ein som går med oss og som aldri vil svikte oss uansett kva som skjer og korleis vi steller oss. Vi har ein som alltid gir oss ein ny sjanse. La oss ta tid til å vere saman med Han.
 
For ei tid sidan lærte eg eit lite vers som eg syns var ei god påminning om kva som er viktig i livet. Verset var på engelsk, men eg har prøvt å oversette det til norsk, og då vart det slik:
 
Eg set av meg skoa – ambisjonane mine,
legg vekk klokka mi – planane mine,
tek av meg brillene – synspunkta og meiningane mine
legg vekk pennen min – arbeidet mitt,
legg vekk nøklane mine – sikkerheita mi,
for å vere åleine saman med Deg, den einaste sanne Gud.
 
Etter å ha vore saman med Deg,
tek eg på meg skoa igjen – for å gå Dine vegar,
festar på meg klokka – for å leve i Di tid,
set på meg brillene – for å sjå Di verd,
finn fram pennen min – for å skrive ned Dine tankar,
plukkar opp nøklane mine – for å opne Dine dører.
 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Ndhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga mter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga mter og anna)