Sirdal Kyrkje

Jesus held nr livet ryner p


Advent og jul str i ein sreigen glans. D er det fest. Lysa varmar. Auga skin, og dei gamle songane som hyrer jula til, sameiner oss i venskap, i familie og kyrkjelyd. Vi er likesom ute or tida for nokre dagar. Nr jula kjem, er det som vi vert lyft inn i ei anna verd. Det er hgtid.
Samstundes forkynner jula ein Gud som stig heilt ned. Det er som om Gud brenn alle bruer og melder flytting. Himmelen er p jorda - i barnet Jesus, Guds son.
Det er sjlve lyndomen ved jula halde fast to ting samstundes: Jula er festtid - men fest eigentleg, fordi vi har ftt hjelp til livet i kvardagen.
Det fekk Anne Katrine og eg prova i vrt eige liv i 2007. Etter at Anne Katrine fekk ei kraftig blodforgiftning som slo til som lyn fr klr himmel, blei trua, ja heile eksistensen, satt p prve. Og tankane fr gjennom hovudet mitt, medan Anne Katrine lg og strevde for livet i ein monoton respirator, og temperaturmlaren dag etter dag synte rundt 40 grader.
Kor deilig er jorda d? Kor er d julefreden?
Det er lett tenkje at jula er nokre heilt srskilte dagar fr dei ordinre januardagane kjem. Er det slik at jula sin bodskap verkeleg held nr livet ryner p?
Det er ikkje noko lettvint svar her. Men Anne Katrine og eg har sjlvsagt snakka mykje om den kampen som stod i februar, mars og april i r - med Guds og gode helsearbeidarar si hjelp. Det som slr oss i ettertida, er tryggleiken vi kjente gjennom det heile. Dugeleg trytte vart vi, javisst! Men vi kjente oss trygge heile tida. Truleg vart vi haldne oppe av andre meir enn vi sjlv visste.- Takk til alle dykk som bar med!
Nr eg skriv desse linene til kyrkjelydane vre inn mot adventstida, d vert summen av alt saman: Jula sin bodskap held nr livet ryner p! Jula er meir enn luftig idyll. Jula handlar om jordnr realisme. Fordi Jesus kom og vart vr bror, frelsar - og medvandrar.
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Ndhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga mter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga mter og anna)