Sirdal Kyrkje

Jula fantasi eller fakta

Juleevangeliet opnar på velkjent vis: “Det skjedde i dei dagane at”. Evangeliet slår soleis fast som faktum at Jesus verkeleg vart fødd, som ein av oss. Det er ein røyndom som kan bindast fast i tid og rom og i relasjon til hendingar i samtida ved byrjinga av tidsrekninga vår.
I den latinske omsetjinga lyder åpningsorda til juleevangeliet slik: ”Factum est –”.
Dermed handlar jula meir om fakta enn om ei legende à la ”Tusen og ei natt”. Det er lett å lulle seg inn i fantasiar om idylliske Betlehemsmarker (kva dei no slett ikkje er!), om hyrder rundt eit glødande bål og sauer som ligg og vegeterer innover i nattemørkret.
Ved Jesu føding dreier det seg om fakta: om ein stall med stank, om to unge, spente jødar som venta det fyrste barn sitt – og som på grunn av ei skatteinnskriving måtte avstad til slektsbyen Betlehem, fordi dei var ”av Davids hus og ætt”. David-slekta hadde nemleg
røtene sine i Betlehem.
Det skjedde i dei dagane – factum est. Siden da er Gud ikkje fjern. Han skifta adresse og tok bolig hjå oss. Og sidan den gongen er Gud heller ikkje anonym. Han gjekk inn i menneskeslekta som ein av oss, som Jesus. Kven Gud er og kva han vil for oss, kan vi lese av på Jesus. Vi skjøner det av bod-skapen og handlingane hans.
Her støyter vi i grunnen på ein svimlande tanke: at den Gud som femner om kosmos, om
tid og æve, han kan også femne om dei timane, dagane og åra som vi får leve på jorda.
Han vernar om livet ditt med omsorga si. Og han kom for å bli – bli i oss, bli med oss og rundt oss. Dette er jula si verkelege gåve. Factum est.
Dette er ôg jula si varige signing. Ha ei god adventtid og ei gledelig jul når høgtida vert ringt inn!

Olav Skjevesland,
biskop i Agder og Telemark

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)