Sirdal Kyrkje

Sprsml til ettertanke

 Mange spørsmål møter oss dagleg, - nokre viktigare enn andre. I Rom 8,31-32 står fleire. Ikkje alle likar å bli konfrontert med desse, - men for mange er det gode råd å bli minna om:

”Kva skal vi då seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? (v31)
I einkvar kamp er det avgjerande å vite kven ein er på lag med, og konsekvensane av det.
 
I Joh 10,10 seier Jesus:
”Tjuven kjem bare for å stela og drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.”
Orda i vers 32 i Rom 8 fortel oss korleis Gud er for oss:
”Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?”
 
Gud sparte ikkje Jesus, og det var fordi han ville spare oss! Den vesle Bibelen, Joh 3,16, understrekar det same. Så vert altså vårt forhold til Jesus avgjerande for vårt forhold til Gud!
 
Jesus uttrykkjer det så klårt i Joh 14,6:
”Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.”
Gud gav Jesus, og kan ikkje anna enn å gje oss alle ting med han: Forlating for synd, fred, glede, tryggleik, evig liv … og mykje meir.
 
Kva skal vi seie til dette?
Takke og ta imot!
Lina Sandell skriv om ”hovudsaken” i ein av sine mange songar:
 
Jag frågar ej, om du är from
och du är glad och god.
Jag frågar ej, om du är stark
och äger tålamod.
Jag frågar ej, om du er varm
i bön och kärlek märk.
Jag frågar ej, om du är rik
på "dygd och goda verk".
 
Nej, detta allt det hjälper ej,
det har ej liv i sig.
Det är en annan fråga här,
jag ställa vill till dig.
Guds gåvor, må vi akta dem
som dyra, kära lån,
men huvudsaken är dock den:
"Säg, tror du på Guds Son?"
 
Jag frågar dig i Jesu namn,
det namnet gir mig mod:
Har du fått frid med Herren Gud
igenom Jesu blod?
Är han ditt hopp, din salighet,
din himmel och ditt allt?
Då först har livet fått sin färg,
ditt verk sin äkta halt.
(vers 2-4)
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Ndhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga mter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga mter og anna)