Sirdal Kyrkje

Jula er meir

”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss – full av nåde og sanning” (Joh. 1,14).
Jula er ei djupare hending enn vi kan fange inn på nokre få liner. Jula er meir! Men lat oss prøve å gje nokre strekar til eit bilete – passe stort for eit kyrkjelydsblad.
Jula seier oss kven, kor og kvifor vi er til. Ja, nett det: kven, kor og kvifor.
Kven er vi så? – Vi er menneske skapte i Guds bilete. Utan skilnad og sortering er vi alle skapte i Guds bilete. Det vil mellom anna seie at vi er skapte til å leve ope og i kontakt med Gud, vår Skapar. Tenk bare på at vi kan be i tru og tillit: ”Vår Far i himmelen!”
Men problemet er at vi – av vår eigen natur – ikkje møter Gud med tiltru. Snarare med skepsis og avstand. Å møte Guds tiltru med mistru er kan hende den største synda eit menneske kan gjere. Difor vart Jesus Kristus menneske for å gjere det heilt klårt kven vi er: menneske som Gud ikkje vil miste, men knyte til seg i tillit. Kor er vi? – Vi er på ei jord som er både vakker og vanskeleg. Kor vi kan oppleve det mest praktfulle og samstundes kjenne på djup sorg og såre sakn. ”Ordet vart menneske”. Desse orda seier meg ikkje at alt på jorda vil gå greitt og utan smerte, men at eg har ein ven som går med, undervegs.
Jesus, han som vart menneske, kjenner livet på jorda - både gleda og smerta, av di han både har vore høgast oppe og djupast nede. I Jesus har vi ein ven som kjenner så vel alt denne jorda kan møte oss med.
Kvifor er vi her? – For å leve livet vårt under ansvar på denne jorda som vi er tiltrudd. Med hjartet vendt mot Gud og med blikket og hendene retta mot dei vi møter i kvardagen.
Når Gud enno ein gong gjev oss jula, årets store kyrkjefest, er den inste grunnen den at han vil rekkje oss Nåden og Sanninga – den nåden og tilgjevinga Jesus gjev den som kjem med livet sitt til han.
Vi tenkjer lett at nåden og sanninga står i ein motsetnad til kvarandre – som om nåde likesom skulle vere å feie alt som er fusk og fanteri under teppet! Nei, nåden vert ei kraft i livet fyrst når vi ser sanninga – om oss sjølve fyrst og dinest om den sanninga Jesus er og kjem med til oss.
Velsigna advent og julefest - i ettertanken om kven og kor vi er. Og i ettertanken om kvifor vi har fått nokre år i gåve på denne kloden.
Olav Skjevesland, biskop
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)