Sirdal Kyrkje

Ved rennande bekker

Han er lik eit tre,
planta ved rennande bekker”
  (Salme 1,3)

Dette synest eg er eit flott bilete. Tenk å få vere som eit tre planta ved rennande bekker. Det gjev  tankar om liv, livskraft og vokster. Eit tre treng vatn for å vekse og halde seg i live.
Kva skal til for å gjere oss lik dette treet som skildrast. Salmisten er ikkje i tvil:
”...har si glede i Herrens lov
og grundar på hans lov
dag og natt.”
(Salme 1,2)
Eg  trur dette handlar om å leve nær Gud i bønn, skriftlesing og fellesskap: Å gi Guds ord plass i livet. Gud ønskjer det beste for oss. Han vil gje oss liv og overflod. Når vi søkjer ham, så vil han la seg finna. I Bergpreika sa Jesus sjølv i Matt 7,7:
”Be, så skal de få. Leit, så skal de finna.
Våger vi å stole på det. Våger vi å satse på at det er sant. Av og til er det kanskje frykta for å ikkje finne, som held oss frå å leite. Lat oss gå tilbake til ei anna salme, nr 73. Her møter vi omgrepet ”å søkje tilflukt”. Dette er mykje brukt i dei bibelske salmane. I salme 73,28 skriv salmisten:
"Men for meg er det godt
å vera nær Gud.
 Eg tek mi tilflukt til Herren.
 Eg vil vitna
om alle dine gjerningar."
Tilflukt er i følgje Norsk Ordbok frå kunnskapsforlaget: Å ty til ein stad for å finne vern, hjelp. Det er vel akkurat det som det handlar om her i denne salma. Som salmisten i Salme 1 var opptatt av å grunne på Herrens lov, så ønskjer salmisten her å finne hjelp eller vern hos Herren. Begge to er opptekne av at det er Gud som er svaret for å finne det gode liv eller ”bli som eit tre, planta ved rennande bekker”.
Lat oss lytte til desse røystane frå meir enn 2500 år tilbake. Kan hende ber dei på ei sanning som er viktigare enn vi trur.
Per Øistein Rogstad

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)