Sirdal Kyrkje

Då kom Jesus

For ei tid sidan skulle eg ha ein andakt. Men Bibelen var som ei lukka bok for meg. Eg leita og las, men ingenting var brukbart, tykte eg. Til sist treiv eg til ei bibelsk oppslagsbok i bokhylla. Eit ark fall ut. Eit kvitt, blankt ark. Nei, ikkje heilt blankt. Nede på sida stod det: Matt 14; ingen ting meir.

Eg las - og fekk hjelp - både til andakt og til mitt eige liv.
Her - i Matt. 14 - møter vi Jesus og læresveinane ved Genneseratsjøen. Folk i tusental har høyrt Jesu ord. Og så har læresveinane opplevd underet. Den vesle nistepakka har blitt mat nok til alle saman. Og dei sjølv har fått lov å dela ut til alle som ville ha. Å, jau det var noko til dag!
Men så står det i vers 22:
”Han nøydde straks læresveinane til å gå i båtane og fara i forvegen...”
Så kom mørket og uvêret. For eit antiklimaks! Heile natta stir dei imot vêret - og sistpå er det som inga redning finst.
Men da i den fjerde nattevakta kjem Jesus til dei - gåande på sjøen.
Så få ein Peter ropa sitt: ”Herre frels!” Og Peter for hjelp og redning.
Og så skal du og eg også få lov å be vårt ”Herre frels!” ”Herre hjelp!” Ja, just i dei tyngst stundane i livet vårt er Han der med sitt: ”Kva vil du eg skal gjera for deg?”
Les Matt 14, du også. Og etter på kan du leita opp songen på nr 303 i Songboka.
Lukke til, og hugs å takka!
 
Tore Haughom
 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)