Sirdal Kyrkje

Tid for faste

Korleis skal eg klara å faste på ein rett måte? Skal eg ete mindre mat? Skal eg leggje opp til eit anna tempo i kvardagen? Korleis skal eg gjere dette?
Fastetida kan vere noko ein har høyrt om ein gong. Det kan vere noko som ein tenkjer andre tek seg av, eller som gjeld for alle andre enn seg sjølv.


Å faste betyr å unnvera alt som ikkje er nødvendig.  Men kva er vitsen i det? Jesus fasta. Han trong det slett ikkje. Han var utan synd. Men han fasta og ba og på den måten lærde oss å fasta og be for å stå imot det vonde, å stå imot behov, lyster og kroppen.


I Matteus 4, 3-4står det: Då kom freistaren til han og sa: "Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!" 4 Jesus svara: "Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn."
Jesus trong ikkje å gjera steinar om til brød for å ete, for han er sjølv livsens brød. Han er brødet som varar for all tid og gjev æveleg liv. Han er brødet som kjem ned frå himmelen.


Jesus fasta i førti dagar og førti netter. Det må ha vore ei stor menneskeleg påkjenning. Jesus hadde god fysisk styrke. Djevelen ville ha Jesus til å ete, men Jesus refererte til Guds eige ord om at menneske ikkje bare lever av brød. Jesu sin styrke låg i at han var trufast mot viljen til Fars sin. Vi menneske blir freista på ulike måtar. Men freistingane rettar seg særleg mot grunnleggjande områder i livet. Dei fysiske behov, dei personlege behov og at ein blir oppteken av seg sjølv. Det var slik Djevelen ein gong freista dei fyrste menneska. Slik prøvde han seg òg på Jesus. Men Jesus sto i mot freistingane ved å stole på det Guds ord seier.


Vi treng å halda oss nær Jesus for å overvinna dei freistingane vi møter. Vi kan bruke denne tida til å ta oss tid til å tenkje på dei viktige spørsmåla i livet. Vi forberedar oss til påske. Fotspora til Jesus går mot Golgata. Han skal overvinna det vonde. Han har sagt seg viljug til å ta på seg vår synd og skam. Han skal gjere opp for oss, så vi kan få leve. Døden skal ikkje vere meir. Jesus sin mat var ikkje fyrst og fremst fysisk mat. I bibelen seier han at hans mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk.


Faste handlar om å halde seg nær Jesus. I han får vi styrke og kraft til å stå i mot det vonde, og hjelp til å retta blikket utover mot dei menneske som opplever krig, svolt eller på andre måtar treng hjelp.

 Per S. Kvinlaug

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)