Sirdal Kyrkje

Liten, men god som gull

Som skapt for norske forhold, sa dei i reklamefilmen. Passar perfekt for norsk vinterføre, sto det i annonsen. Kva er du som skapt for, eller kanskje eg heller skulle spørje; kva er du skapt til? Bibelen seier at du og eg er skapt til å ha samfunn med Gud, til å leve saman med Han og ha eit godt og trygt forhold til Han, vi er skapt i hans bilde.
Ein enkel, liten barnesong eg er glad i, seier det slik:
”Eg er liten, men god som gull.
Liten, men ikkje eit null.
Liten, men eg har fått beskjed av Han;
at eg passar til å vere i Jesu hand”
Vi treng ikkje vere små for å tru på det denne songen prøver å formidle til oss. Du og eg er skapt til å høyre saman med Gud, enten vi er små eller store, unge eller gamle passar vi til å vere i Jesu hand , der er vi i vårt rette element!
Men korleis passar dette saman med det vi har høyrt så ofte om ikkje å framheve oss sjølve eller å tru for godt om oss sjølve? Bibelen formidlar faktisk minst to viktige sanningar om oss menneske, - ja det er sant at eg er ein syndar som gjer mykje galt og som slett ikkje klarer å leve eit perfekt liv, men likevel er eg høgt elska av Gud. Eg har ingenting å rose meg av overfor Gud, eg har ingen imponerande CV eg kan legge fram for å overbevise Han om at eg er verd å satse på, men eg er like fullt det mest verdifulle i Guds skaparverk. Slik er det med alle menneske, du kan ta til deg desse orda frå Gud:
”.. du er dyr i mine auge, høgt akta og elska av meg..”   (Jesaja 43, 4a)

Anne Turid Solberg Garnica

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)