Sirdal Kyrkje

Eit gratis tilbod som er ekte

Det er ikkje ofte du får noko gratis i dag. Det meste kostar pengar, og dersom du får noko gratis er det som regel noko lureri med det slik at du endar opp med å betala det likevel.
Men det er ikkje berre no til dags at folk blir lurt av gratistilbod, det hende før også.
Jesus fekk også eit gratistilbod ein gong, men han avslo:
Matt.4,8-11:
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle verdsens rike og deira herlegdom og sa: ”Alt dette gjev eg deg om du fell ned og tilbed meg”. Då sa Jesus til han:” Gå frå meg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbed, han og ingen annan skal du tena”. Då gjekk djevelen frå han, og englar kom og tente han.
Det kan jo hende at du også har fått eit gratistilbod ein gong? Det jo svært sjeldan at slikt hender, i alle fall er det sjeldan at tilbodet er ekte. Men er du klar over at du får eit slikt tilbod? Det er ikkje ein billett til Tusenfryd eller Liseberg det er snakk om. Nei, det er mykje betre enn som så. Den billetten som blir tilbudt deg heilt gratis er billetten til himmelen!
Jesus tok ikkje imot tilbodet frå Satan, men døydde på eit kors slik at han skulle få gi deg noko heilt gratis! Ein billett til himmelen. Og den er din, alt du treng å gjera er å tru. Ta imot tilbodet her og nå, ganske enkelt ved å seia ja til Jesus! Då treng du aldri meir å grua deg for framtida. Livet ditt er no lagt i Herrens hand og du har fred og kjenner deg trygg gjennom alt! No kan du takka han:
Kjære Jesus!
Tusen takk for at du gjev meg dette tilbodet !
Eg vil gjerne vera med deg til himmelen når den tida kjem.
Hjelp meg å vera vennen din resten av livet.
Takk for at eg får vera barnet ditt, og at du elskar meg meir enn eg kan forstå.
Takk for at du gav livet ditt for meg, og opna himmelen for meg !
Amen.

Olav Heggdal

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)