Sirdal Kyrkje

Du er ei perle

Huskar du likninga Jesus fortalde om perla i åkeren ? Det var ein mann som fann ei nydeleg perle i ein åker. Denne perla berre måtte han ha. Han selde alt han hadde for å kunne kjøpe åkeren, og slik få fatt i perla. Ingenting var viktigare enn å eige perla. Ho betydde meir enn noko anna for mannen.
For Gud er du ei slik verdifull perle. Ingenting betyr meir for Gud enn å få eiga deg.
Diktaren Trygve Bjerkrheim har sagt det slik:
”Gud vil ikke miste en eneste en,
Han alle vil adle og eie.
For Ham er vær sjel som en perlesten,
viss verd bare himmelen kan veie.”
Gud har skapt kvar einaste ein av oss som unike perler med uendeleg stor verdi. Då menneska gjorde opprør mot Gud, mista Han perlene sine. Men Han var villig til å ofre alt for å få dei tilbake. Han gav Jesus, sin eige son, for å kjøpe oss fri.
”Fra evige tider Gud tenkte på deg, det beste av alt har i tanker.
Så må du ei si Ham ditt harde nei,
når Han på din hjertedør banker.”
Ofte kan det sjå ut for at vi menneske trur Gud er ute etter å ta oss, men faktum er at Gud berre vil oss godt.
Profeten Jeremia fekk dette budskapet frå Herren:
”For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.”  (Jer.29,11)
Det kan verke som om dette er vanskeleg å tru for oss. Mange brukar mykje krefter på å halde Gud på avstand.
”Smak og sjå at Herren er god”, står det i Salme 34.
Skal du vite korleis noko verkeleg er, må du skaffe deg fyrstehands erfaring. Du kan ikkje berre lite på det andre seier. Eg kan ikkje smake for deg, og heller ikkje gje deg ei fullgod forklaring på korleis det er å leve livet saman med Jesus. Eg kan berre fortelje deg at eg sjølv har sett og kjent at Gud er god.
Eg gjev deg oppmodinga: Prøv sjølv !
Anne Turid S. Garnica

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)