Sirdal Kyrkje

Smak og kjenn at Herren er god!

For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei. (Ef. 2, 8-10.)
Har du sett små ungar som grev etter leiker i sagespon på 17. mai? Tilbodet gjeld alle ungar som er under ein viss alder. Dei må ikkje på noko som helst vis kvalifisera seg for å bli med på denne aktiviteten. Ungane grev fordi dei trur det er noko å finne der. Leiken dei finn er ei gåve frå 17. mai-komiteen. Små ungar kan godt få lov til å rosa seg av det dei har funne, men ”alle” veit at tinga var lagt der på førehand for at ungane skulle finna dei.
Kanskje nokre ungar av ein eller annan grunn ikkje vil grave. Då kan det tenkast at foreldra prøver å overtala dei og leier ungen bort til balja med sagespon. Sidan dette ikkje er ein leik for vaksne kan ikkje godt foreldra grave i staden for ungen. Valet må til sjuande og sist bli barnet sitt.
Guds gåve til oss er frelsa. Eg kan kave og streve for å gjere meg fortent til å vere eit Guds barn, men då blir eg utsliten. Gåva ligg der ferdig. Gud spør ikkje etter vitnemål og CV. Det einaste som gjeld er: Vil du ta imot Jesus i hjartet? Valet kan bare du ta. Og om ein torer å ta imot, og torer å gå inn i det som Gud føreåt har lagt ferdig for den enkelte av oss, blir livet annleis. Ikkje berre rosenraudt kanskje, men utruleg spanande. Smak og kjenn at Herren er god!

Gerd Signy Haughom

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)