Sirdal Kyrkje

Jesus er sterkast

I skrivande stund har eg just komen heim til barndomsheimen min på Karmøy. Det er seint på natta og stormen ''Andrea'' rasar for fullt utanfor huset til foreldra mine i Vedavågen. Alle ferjer er innstilt, både nordover og sørover. Europaveg 134 over Haukelifjell er stengt og det same er Haugesund lufthamn, Karmøy. Me er rett og slett verfaste me som bur her oppe på Haugalandet. Stormen er så kraftig at brua over til Haugesund er stengt for store køyretøy. Ein personbil som køyrde over brua mista takboksen sin til den kraftige vinden. Sjølv hadde eg store problem med å halde bilen på vegen, grunna vinden som stadig ville kaste meg av. Eg skal innrømme at eg var litt redd. Men så ba eg ei bønn til Jesus at han måtte passe på meg slik at eg kom heim, og heim kom eg.

Veit du kva? Ein gong når Jesus var på Genesaretsjøen med læresveinane sine var det òg full storm. Men Jesus reiste seg opp i båten og trua vinden og bølgjene til å vera stille, og stilt blei det (Matt 8:23-27). Jesus er sterkare enn alle verda sine stormar. Jesus er den allmektige Gud, skapar av himmelen og jorda. Han er ikkje berre sterkare enn naturkreftene, han er òg sterkare enn døden. Høyr berre kva han sjølv seier: Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og

trur på meg, skal i all æve ikkje døy. (Joh 11:15-26).

Difor treng eg ikkje vera redd når stormen herjar. Eg treng ikkje ein gong vera redd for å døy. For eg skal leve i all æve!

Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)