Sirdal Kyrkje
Flott Kyrkjejubileum på Kvævemoen

Flott Kyrkjejubileum på Kvævemoen

Publisert: 29. Mai 2012
I pinsehelga feira Kvævemoen kapell sitt 50 årsjubileum.

Helga starta med ein flott konsert med Randi Tytingvåg og Knut Aabø fredag kveld. I underkant av 70 personar fann vegen til kapellet denne vakre sommarkvelden, og fekk høyre både salmer og jazzsvisker. Sundag var det konsert med Kirsten Bråten Berg og Daniel Sanden Varg inne ved Degdammen. Om lag 100 mennesker fekk med seg foredrag om Tollkohedlaren og heielivet ved Magnar Undheim og Torjus Kvæven. Sindre Eide hadde med seg trompeten og spilte ein fanfare i det fine vêret på pinsedag.

Sjølve festgudstenesta andre pinsedag vart også flott, med om lag 120 til stades i kapellet og 100 på festkyrkjekaffi på museet. Her var prost Hilde Sirnes, Sindre Eide og Sigurd Flydal med. Også Harald Svendsen frå Stavanger bispedømme var med på gudstenesta. Det var song av born og av Sirdal Blandakor. Det blei ei flott og verdig jubileumsgudsteneste. Etter på var det dekka til festkyrkjekaffi på museet. Her var det også rom for helsingar. Ordførar Jonny Liland, prost Hilde Sirnes, Harald Svendsen frå Stavanger bispedømme, Sindre Eide og Thor Jørgen Tjørhom hadde alle helsingar til jubilanten. På museet er det ei særskilt utstilling om kyrkjeliv som blir ståande i sommar. Denne er verd å få med seg. 

Kapellet har nettopp fått ein ny inngong til bruk for rullestolbrukarar og andre som kan trenge ei lettare tilgong med heis opp til hovudetasjen. Det er også gjort ein del målararbeid føre jubileet. I løpet av sommaren blir området utanfor den nye inngongen asfaltert.

Her kan du sjå bilete frå jubileet:

Konsert med Randi Tytingvåg

Friluftskonsert på pinsedag

Festgudsteneste

Takk til alle som var med å bidro til eit vellukka jubileum.

 

Per Øistein Rogstad

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)