Sirdal Kyrkje
Oppstart for babysong og småbarnstreff 29.august!

Oppstart for babysong og småbarnstreff 29.august!

Publisert: 13. August 2012 av Ragnhild Maria
Me samlast i Tonstad kyrkje/kyrkjestova kl.10.30, onsdagar i oddetalsveker. Felles lunsj kl.11.30. Ta med matpakke. Vel møtt!

Datoar i haust:

29.august, 12.september, 26.september, 10.oktober (babysong besøker Sirdalsheimen), 24.oktober, 7.november, 21.november, 5.desember (babysong besøker Sirdalsheimen).

Litt om babysong:

Babysong er retta spesielt mot barn mellom 0 og 1 år. Allereie før barnet er født kan det høyre lyder og musikk. Puls og rytme er del av fosteret sin omgivnad og foreldre vert oppmoda til å synge for sitt ufødde barn. På babysong lærer me songar og regler ein kan nytta heime; både tradisjonelle barnesongar og songar frå kristen barnekultur. Det sosiale er svært viktig: Me er saman om musikken og opplevinga, og me et lunsj saman etter songstunda. Både songtekstane, fellesskapet og at ein skapar noko i lag er viktige element i kyrkja si trusopplæring.

Litt om småbarnstreffet:

Dette opplegget er parallellt med babysong og her kan barna vere med eller utan foreldre. Me syng i lag, leiker, lytter til eller dramatiserer ei bibelforteljing. Barn heilt opp til 4.klasse er velkomne!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)