Sirdal Kyrkje
Nå er det klart for fellesmøte på Tonstad

Nå er det klart for fellesmøte på Tonstad

Publisert: 14. September 2012
Nå er det klart for fellesmøte i Tonstad kyrkje. Tysdag kveld startar det første møte med den svenske songevangelisten Lennart Larsson. Syskenringen innbyr til møte kvar kveld kl 19.30, men på sudnag er det kl 17.00
Lennart er fødd og oppvaksen i Fredriksberg i Dalarna i Sverige.  I bortimot 18 år var han busett i Halden i Noreg, og då var han forstandar i Halden baptistmenighet. I 2006 flytta han tilbake til sine heimtrakter i Sverige – “Bergslagen” i Nora. Han er svært ofte tilbake i Noreg med møteseriar ulike stader. Hans “konsept” er korte talar og mykje song og musikk. Han trakterer både trekkspel og piano på ein framifrå måte. Lennart har vore på Tonstad fleire gonger før, så mange her er kjent med og set pris på hans møtestil.  
 
Torsdag kveld skal Sirdal Blandakor synge, laurdag er det matsal på bedehuset etter møtet. Sundagen blir det familiemøtet, Inger Solveig Høyland skal ha barneandakt denne ettermiddagen.
Det er syskenringen i Sirdal som er arrangør. Syskenringen i Sirdal har representantar frå Pinsemenigheten Filadelfia, Baptistkyrkja, Den Evangeliske Lutherske frikyrkje, organisasjonane på bedehuset og Den norske kyrkja i Sirdal.
 
Velkommen!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)