Sirdal Kyrkje
Barn i Guds tid

Barn i Guds tid

Publisert: 19. November 2012 av Per Øistein
Sundag blei barnemessa Barn i Guds tid framført i Tonstad kyrkje med Vardeneset barnekor, Tonstad barnekor og Cantarellene. Det var ei flott oppleving.

"Barn i Guds tid" er ei spesialskriven messe av Eyvind Skeie og Johan Varen Ugland. Den blei første gong framført under kyrkjefestspela i Kristiansand i 2001. Barnekora syng alle ledda i gudstenesta, og kyrkjelyeden er med på  mange av dei kjende gudstenesteledda som Kyrie, Gloria og trusvedkjenning. Denne dagen var det også dåp av vesle Mali Josdal.

Gudstenesta blei eit flott punktum for barnehelga på Tonstad. Laurdagen var det Barnas dag i Kulturhuset. Barnekoret frå Vardeneset overnatta på Tonstad bedehus i lag med ein del av korbarna fra Tonstad. I mai var Cantarellene og Tonstad barnekor på besøk i Vardeneset i Stavanger. Korleiar i Vardeneset er Ingrid Berg (frå Tonstad og lillesøster til Ragnhild Maria Sandvik), og difor er det flott å kunne utvikle eit godt samarbeid med korarbeidet i kyrkjelyden. Ingrid var organist på "Barn i Guds tid", mens storesøster Ragnhild Maria dirigerte felleskoret.

Sigurd Flydal hadde andakt om Jesus som kom gåande til disiplane på sjøen, og minte om at Jesus ønskjer å strekke ei hand ut mot oss.

Bilete frå gudstenesta finn du her:

Erling Ernst Josdal har sendt oss bilder frå heile helga og dei kan du sjå her:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)