Sirdal Kyrkje
Vi gratulerar Hanne med sølv frå Kongen

Vi gratulerar Hanne med sølv frå Kongen

Publisert: 31. Januar 2013
Vi gratulerar vår kjære Hanne Birgitte Fodstad med velfortent Kongeleg fortenstmedalje i sølv. Ho fekk overrekt medalja av ordførar Jonny Liland på Bygdekvelden 31. januar.

 Bygdekvelden starta med at kveldens vert, Ole Lilleheim, kalla Hanna opp på scena. Så kom alle songarane frå Cantarellene og Barnekoret inn med kvar si rose til den nyleg pensjonerte organisten. Det var ei rørande og vakker stund. Etter eit songinnslag med kora, kom så ordføraren opp, for å ta ordet. Ei måpande Hanne Fodstad blei nesten mållaus, når Jonny Liland kunngjorde at han skulle ha æra å tildele ho Kongens fortenstmedalje i sølv for hennar lange innsats som organist, korleiar, piano-og orgellærar. 

Hanne Birgitte Fodstad fekk velfortent applaus frå ein nesten fullsett kinosal på Tonstad. Ein ekstra spiss på kvelden for Hanne, var at tre av barna, ein svigerson og to barnebarn kom til Tonstad for å vere tilstades på tildelinga.

Sirdal Blandakor heidra sin tidlegare dirigent med ein hyldningssong til medaljøren. Ho fekk sjølv vere med å synge i lag med koret på songar frå "Sommer i Tyrol", under leiing av koret sin nye dirigent James Reed.

Seinare på Bygdekvelden var det musikk ved to av hennar tidlegare elevar: søstrene Ingrid Elisabeth Berg og Ragnhild Maria Sandvik. Elles var det ein rekke andre prisutdelingar innan idrett, fritid og kultur. 

Her kan du sjå fleire bilder frå Bygdekvelden:

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)