Sirdal Kyrkje
Magisk dag med Ruben Gazki.

Magisk dag med Ruben Gazki.

Publisert: 5. Mai 2013
Om lag 200 stykk møtte opp til eit forrykande show med Ruben Gazki på Tonstad bedehus i går. Det vart eit kjempeflott arrangement og Ruben engasjerte liten og stor med sine stunts. Lattar, vill applaus og høylytte gisp er vel bevis på at publikum lot seg forundra og fasinera.

På grunn av surt ver og fare for regn, tok me ei avgjersle om å flytta arrangementet kl 13 frå Eliastunet inn på Tonstad bedehus. Det såg ut til at jungeltelegrafen fungerte godt, og huset vart stappfullt. Kjekt med så flott oppmøte. Takk til Syskenringen for eit flott arrangement!

Ein liten halvtime etter at showet var slutt, samla 16 stykk seg om Ruben for å lære nokre av trylletriksa hans på tryllekurs. Yngres stod som arrangør for dette, men vi åpna for born ned til 2.klasse og. Desse 16 tryllekunstnarspirene lærte seg mange gode triks, og fekk med seg utstyr til fleire flotte tryllekunstar. 

På kvelden reiste 9 av årets konfirmantar på blåtur til Eiken bedehus. Her var det fullt hus og omlag 100 ungdommar. Trur du ikkje Ruben Gazki dukka opp her også med nokre av dei same høgdepunkta, i tillegg til nye triks og kunstar? Ein flott kveld med ein herleg gjeng.

Sjå fleire bilete frå dagen her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Tonstad Soul Children
Tonstad Soul Children
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)