Sirdal Kyrkje

"Det livssynssåpne samfunnet"

Publisert: 1. September 2013
Temakveld tysdag 3.sept kl 18.00. Kva plass skal tru, livssyn og religion ha i samfunnet vårt no og i framtida? Er idealet eit livssynsnøytralt samfunn der tru og livssyn vert redusert til ei privatsak? Eller skal tru og livssyn få vere ein naturleg del av livet både heime og i det offentlege rom?

Dette er nokre av spørsmåla det regjeringsoppnemne Stålsett-utvalet drøfta. Rapporten til utvalet, "Det livssynsåpne samfunnet",  vart lagt fram i januar 2013 som NOU 1/13. Tysdag 3.september kl 18.00 - 20.00 vil medlem av Stålsett-utvalet, Ingunn Folkestad Breistein, ta opp nokre av dei spørsmåla utvalet drøfta, på ein temakveld på Tonstad Bedehus. Ho vil først ha ei innleiing, før det etter ein kort kaffipause vert opna for spørsmål og kommentarar. Arrangør er Sirdal sokneråd. Kvelden er open for alle. Vel møtt!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)