Sirdal Kyrkje
Hausttakkefestar i Sirdal

Hausttakkefestar i Sirdal

Publisert: 16. September 2013
Sundag 15.september hadde me to flotte hausttakkefestar i Sirdal. I Tonstad kyrkje klokka 11 og i Kvævemoen kapell klokka 17. Begge stader var det godt oppmøte. På Tonstad var det utdeling av bok til 1.-klassingar og Godt nytt til 5.-klassingar. På Kvæven var det presentasjon av årets konfirmantar og utdeling til 1.-klassingar.

På Tonstad hadde 1.- og 5.-klassingar og barnekorborna med seg frukt og grønnsaker og andre kreative innslag av høstens grøde. Dei bar med seg dette inn i prosesjon og pynta opp kyrkja med det. 5.klassingane hadde forberedt seg til gudsteneste og dei sto for lesing, dramatisering av preiketeksten og takketeikningar. Tonstad barnekor var med her og song så flott for oss. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og amerikansk auksjon på trappa utanfor. Svein Sturla var auksjonarius og mange stoppa igjen for å by på alle dei fine tinga som borna og andre hadde hatt med seg. Det var god stemning og mykje latter, og det kom inn mykje penger til Kirkens nødhjelp. 

På Kvæven var det konfirmantane og 1.klassingane som bar inn frukt, grønnsaker, syltetøy, muffins og egg for å pynte opp kapellet. På Sinnes skule er det ingen 5.klasse i år, difor var det ikkje utdeling til 5.klassingar på Kvæven. Men fem flotte 1.klassingar fekk bok, og mange av dei pluss nokre mindre born hjalp til med å dramatisera preiketeksten på ein flott måte. Dei fem fine konfirmantane vart presentert og fekk Konfirmantbibelen. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og amerikansk auksjon i kjellaren. Her var Arvid Tjørhom auksjonarius, og mange heiv seg på budrundene. Det kom inn mykje penger til Kirkens nødhjelp også her. 

Sjå bilete frå dagen her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)