Sirdal Kyrkje
Innhaldsrik visitasgudsteneste med eige barneopplegg

Innhaldsrik visitasgudsteneste med eige barneopplegg

Publisert: 30. Oktober 2013
Store og små frå heile Sirdal er velkomne til gudsteneste søndag 3.november kl 16.00 i Tonstad kyrkje (Merk tida). Gudstenesten markerar avslutninga på bispevisitasen denne veka, og biskop Stein Reinertsen vil preike. Det er berre å glede seg til ei flott gudsteneste!

Mange vil medverke på ulikt vis i gudstenesta, mellom anna dei tre aktive kora i kyrkjelyden. Tonstad barnekor og Cantarellene vil synge saman, og Sirdal blandakor blir også med. Det vert altså mykje song og flott musikk i gudstenesta! Det vert også nattverd. Takkofferet denne dagen går til Menighetsfakultetet.
 

Eit stykke ut i gudstenesta vert det eit eige søndagsskuleopplegg for barna. Dei går bort til bedehuset, saman med mellom anna kyrkjelydsarbeidar Inger Solveig Høyland.

Etter gudstenesta vil biskopen halde eit kort visitasforedrag. Dette er ei slags oppsummering av visitasen. Etter visitasforedraget er alle invitert til god kyrkjekaffe og hyggeleg prat på bedehuset.

Vi vonar mange frå heile dalen vil nytte høvet til å få med seg ei flott gudsteneste! Vel møtt.

 

 Minnemarkeringa over dei som er døde siste året, er på grunn av visitasen i år lagt til gudstenesta 17.november kl 11.00 i Tonstad kyrkje.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)