Sirdal Kyrkje
Glimt frå bispevisitasen

Glimt frå bispevisitasen

Publisert: 4. November 2013
Bispevisitasen med biskop Stein Reinertsen er over for denne gong, og det har vore gode, inspirerande og innhaldsrike dager!

Torsdagen blei tettpakka frå morgon til kveld, med stabsmøte på Kyrkjesenteret som første post på programmet. Så bar det til Tonstad skule der alle elevane på ungdomsskulane fekk møte ein engasjert biskop Stein Reinertsen. Dei fekk innblikk i kva ein biskop gjer og fekk stille spørsmål dei lurte på kring kyrkje og kristentru. Etter dette møtte biskopen med følgje kommuneleiinga på Rådhuset. Her fekk han ein fin presentasjon av Sirdal kommune, og kommuneleiinga fekk høyre meir om kva kyrkja ønskjer å bety i lokalsamfunnet. Etter lunsj blei Sirdalsheimen og Tjørhom dagsenter besøkt, og biskopen fekk møte tilsette innan Helseetaten og Pleie og Omsorgsetaten til samtale om viktige etiske utfordringar ein møter der. Om ettermiddagen gav representantar for turistnæringa eit bilde av kva reiselivsnæringa betyr for Sirdal kommune under eit møte på Infosenteret på Kvæven,  og ein fekk ein viktig samtale om kva kyrkja kan bety for turistane. Og kva turistane kan bety for kyrkja. Dagen vart avslutta med eit stort folkemøte på Kulturhuset der både biskopen og rådgjevar på bispekontoret Frode Eikrem bidrog med innleiing til samtale om folkekyrkjas framtid. I løpet av kvelden bidrog både Sirdal blandakor og SMoK ved Ane Benedikte Haughom, Ragnhild Maria Sandvik og Kaare Lauridsen med flotte songinnslag.

Søndag ettermiddag blei visitasen avslutta med ein flott gudsteneste i Tonstad kyrkje, der alle kora i kyrkjelyden deltok saman med konfirmantar og andre.

Sjå fleire bilete her

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)