Sirdal Kyrkje
Årsfest for heile Sirdal kyrkjelyd

Årsfest for heile Sirdal kyrkjelyd

Publisert: 20. Januar 2014
Søndag 2.februar kl 18.00 er heile Sirdal kyrkjelyd velkomen til årsfest. Denne årvisse samlinga er ein fin mogelegheit til å møtast frå heile dalen, med fokus på arbeidet i kyrkjelyden. Festen blir i år på Tonstad bedehus.
Som vanleg blir det variert program, med årsmeldinga og ein bildekavalkade frå 2013 som sjølvsagte innslag. I samband med årmsmeldinga blir det mogeleg å kome med kommentarar og spørsmål. Kyrkjeverge Henning Huseby Jansen vil og seie litt om status for trusopplæringsreformen, som Sirdal sokn blir ein del av frå i år. Blandakoret vil synge; det vil òg kantor Kjetil Øygard Eidevik. Soknerådsleiar Svein Hompland står for quiz, og sokneprest Sigurd Flydal vil halde andakt. Innimellom blir det rom for litt å bite i. Som ein del av årsfesten blir det òg eit kort soknemøte. Saka på soknemøtet er "Innføring av ny salmebok." Soknerådet har gått inn for å innføre ny salmebok. Det er imidlertid soknemøtet som har det avgjerande ordet i høve til om ein skal innføre den nye salmeboka. Dette blir altså ein innhaldsrik kveld! Vel møtt!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)