Sirdal Kyrkje
TRAFO på tur til Larvik

TRAFO på tur til Larvik

Publisert: 10. Februar 2014
Fredag 7.februar dro 11 ungdomar fra TRAFO avgårde på tur til Larvik. Det vart ei strålande helg med mykje kjekt program.

 Me reiste rett etter skuleslutt på fredag, og hadde seks timar på oss for å nå helgas store høgdepunkt: Tenningen på Verningen bedehus. Tenningen er ungdomsforeninga på Verningen, og dei har samlingar annankvar fredag. Dårleg føre gjorde at me kom i seinaste laget, men det gjekk akkurat. På Tenningen var det fyrst møte, så kafé med ein super quiz laga av vår eigen kjære Sondre. Deretter leika me utover natta. Kjekt å bli kjent med nye ungdommar. På laurdag fekk me eit ord for dagen av Even, tre timars shopping (gutane rakk og bowling) på Nordbyen, kaffemat og quiz hos familien til leiaren på Tenningen, lasagne hos Even, krussekonsert i Sandefjord og musikkquiz og mimeleik for oss sjølv på bedehuset. Me sov på madrasser rundt på bedehuset og ordna oss frokost sjølv. På sundag måtte me tidleg opp og pakke og vaske oss ut før møtet på bedehuset klokka 11. Her deltok dei kjekke ungdomane våre med flott song og med å fortelje kva og kven TRAFO er.

Etter møtet hadde me middag på McDonalds før me køyrte heim. Ungdomane har allereie starta planlegging av ny tur neste år. For meg er det å kome heim til gamle traktar, så eg tar gjerne turen igjen neste år. Som sjåførar og vaksenleiarar var Petter Torsteinsbø og Arne Ivar Haughom med. Og Miriam (jenta vår) fekk og bli med og treffe gamle kjente. Tusen takk for ein strålande tur alle saman!

Sjå fleire bilete frå turen her.

Inger Solveig Høyland.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)