Sirdal Kyrkje
1814 - 2014

1814 - 2014

Publisert: 24. Februar 2014
I år er det 200 år sidan vi fekk grunnloven i Norge. Det er naturleg å markere dette jubileet også i kyrkjene våre, sidan akkurat kyrkjene var viktige i samband med valet av utsendingar til Eidsvoll. Sundag 2.mars kl 11.00...

...blir grunnlovsjubileet markert med eiga gudsteneste i Tonstad kyrkje.

25.februar 1814 skulle alle kyrkjelydar samlast til ekstraordinær bededag. Prins Christian Fredrik hadde gitt biskopane instruks om å ordne det. I kyrkjene skulle det gjerast kjent at prinsen som nasjonens regent, hadde overtatt styre av landet, og at folket kunne berge fridomen sin ved å slutte opp om han. Etter at dei hadde avlagt eid var det val av valgmenn som skulle velge utsendingar til riksforsamlinga. Dei som blei valde fekk med seg fullmakt mellom anna av prestane.

Kyrkja hadde ei viktig rolle i det som skjedde i 1814 og i oppbygginga av demokratiet i tida etter.

Frå kyrkja si side er vi opptatt av at grunnlovsjubileet både skal gi oss kunnskap om vår nasjons og kyrkjas felles historie, og peike på kyrkja sitt ansvar for å tale og handle der fridom og menneskerettar er trua.

Av den grunn er Den norske kyrkja si programerklæring for grunnlovsjubileet: "Fri til å tale, tro og tjene."

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)