Sirdal Kyrkje
Kulturkveld med Edvard Hoem

Kulturkveld med Edvard Hoem

Publisert: 7. Mars 2014
Norges grunnlov er 200 år i år, eit jubilèeum som vert markert på ulikt vis i heile landet. Forrige søndag vart jubilèet markert i Tonstad kyrkje, og førskomande torsdag,13.mars kl 19.30, er det klart for ei ny stor markering av grunnlovsjubilèet her i Sirdal kommune. Rett og slett ein kveld du ikkje bør gå glipp av!
Forfattaren Edvard Hoem kjem nemlig til Sirdal Kulturhus! Hoem er kjent som ein engasjert kulturperson og samfunnsdebattant. Denne kvelden vil han halde foredrag om viktige hendingar i landet vårt, under overskrifta "1814 - DET STORE VENDEPUNKTET I NORSK HISTORIE". I tillegg til foredraget av Hoem, vil Sirdal blandakor synge. Utstillinga "Bygdekunst gjennom 200 år" vil og bli vist. Arrangementskomitèen byr og på litt enkel mat og kaffe/te. Inngang kr 100,- for vaksne og kr 50,- for ungdom/barn. Kulturkvelden er eit samarbeid mellom det nyoppretta kulturutvalet i Sirdal kyrkjelyd og Sirdal kommune, Eining for kultur. Vel møtt til ein svært interessant og flott kveld på Kulturhuset! Meir om Edvard Hoem: UTGJEVINGAR: Som grønne musikantar, dikt, 1969 Landet av honning og aske, 1970 Anna Lena, 1971 Kvinnene langs fjorden, skodespel, 1973 Kjærleikens ferjereiser, roman 1974 Musikken gjennom Gleng og Tusen fjordar, tusen fjell, to skodespel, 1977 Gi meg de brennende hjerter. Melding fra Petrograd, 1978 Der storbåra bryt, skodespel, 1979 Fjerne Berlin, 1980 Du er blitt glad i dette landet: dikt og songar, 1982 God natt, Europa, dikt, 1982 Lenins madam, dikt, 1983 Prøvetid, 1984 Heimlandet. Barndom, 1985 Ave Eva, 1987 Landkjenning Romsdal, 1987 Sankt Olavs skrin, skodespel, 1989 Til ungdommen. Nordahl Griegs liv. 1989 I Tom Bergmanns tid, 1991 Årstidene, dikt, 1991 Engelen din, Robinson, 1993 Meisteren og Mirjam : pasjonsdrama, 1995 Tid for klage tid for dans, 1996 Frøken Dreyers musikkskole, 2001 Audun Hestakorn, skodespel, 2002 Den fattige gud, salmar og balladar. 2003 Kristuskonfigurasjonar – Lesestykke til bruk i tida frå første desember til trettandedag jul (2003) Roerne i Christiania, dokumentarroman. 2003 Kom fram, fyrste! 2004 Om erkebiskop Olav Engelbrektsson Kom fram, fyrste! – Historisk roman (2004) Mors og fars historie – roman (2005) Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg, roman (2007) Mikal Hetles siste ord, skodespel, (2007) Villskapens år – Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875 (2009) Vennskap i storm – Bjørnstjerne Bjørnson 1875-1889 (2010) Syng mig hjæm – Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899 (2011) Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013) UTMERKINGAR: I 1974 vann han Den norske Kritikerprisen for litteratur for Kjærleikens ferjereiser I 1974 vann han Sunnmørsprisen for same boka I 1975 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris, igjen for Kjærleikens ferjereiser I 1978 fekk han Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond I 1985 fekk han Aschehougprisen I 1985 vart han på nytt nominert til Nordisk Råds litteraturpris, for Prøvetid I 1987 vann han Nynorsk litteraturpris for Ave Eva. En herregårdsroman I 1988 fekk han Doblougprisen I 1988 vart han for tredje gong nominert til Nordisk Råds litteraturpris, denne gongen for Ave Eva. En herregårdsroman I 1989 fekk han Gyldendals legat I 2000 vart han tildelt Aksel Waldemars minnepris under utdelinga av Heddaprisen. I 2006 fekk han Melsom-prisen I 2006 vart han for fjerde gong nominert til Nordisk Råds litteraturpris, for Mors og fars historie I 2007 fekk han Petter Dass-prisen for boka Mors og fars historie I 2008 fekk han Ibsenprisen for Mikal Hetles siste ord I 2009 vann han Årets bok - Klassekampens litteraturpris Frå 2012 vart han statsstipendiat.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)