Sirdal Kyrkje
Tårnagenthelg i Tonstad kyrkje

Tårnagenthelg i Tonstad kyrkje

Publisert: 17. Mars 2014
Denne helga var det samla 19 flotte agentar i Tonstad kyrkje. Desse agentane er 3.klassingar frå Tonstad skule og 2. og 3.klassingar frå Sinnes skule.

 Agentane troppa opp utanfor kyrkja laurdag kl 15, og måtte kome seg gjennom ein agent-labyrint i kyrkja for å få agentbevisa sine. Dei løyste fleire oppdrag og mysterium. Egil-politi dukka opp og delte gode tips med oss, han lærte oss også korleis me kan finne spor og fingeravtrykk. Elles på programmet stod det taco, leik, skattejakt etter forsvunne kyrkjeskattar, godteri, gudstenesteverkstad, klokketårn, orgelinspeksjon og mykje meir. Det var ein flott og livleg gjeng. På sundag sette agentane sitt preg på gudstenesta og deltok med song, drama, bilete dei hadde teikna, lesing og meir til. Tusen takk for vel utført agent-oppdrag!

Tema for helga var den gode gjetar, og me lærte at Jesus er den gode gjetar som gjerne vil at me skal vere sauene hans!

Sjå fleire bilete frå laurdagen her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)