Sirdal Kyrkje
Program for påskearrangement i Sirdal

Program for påskearrangement i Sirdal

Publisert: 7. April 2014
Påska nærmar seg. Mange ser fram til fridagar i Sirdal saman med familie og kjende. Det er noko spesielt med påskeskirenn, påskekrim, påskesol - og påskebodskapen. Her finn du program for andakter og gudstenester i regi av kyrkja i Sirdal. I år satsar vi meir på familesamlingar enn vanleg. Og det vert mogeleg å prøve seg på hundekøyring!

Hundekøyringa i regi av Odd Kvinen på Sirdal Huskyfarm vil finne stad store deler av dagen påskeaftan (laurdag 19.april), mellom anna etter familiesamlinga påskeaften kl 14.00, og etter påskenattsmessa kl 23.00. Det er imidlertid avhengig av at det er gode snøforhold. 

Familiesamlinga langfredag kl 18.00 startar med dåp i kapellet, og vil så halde fram med ei påskevandring i og utanfor kapellet. Vandringa går gjennom alle dagane i påska, og kva som skjedde dei ulike dagane. Ein spennande måte å bli betre kjend med påskebodskapen!

Velkommen til både fastbuande og turistar til andakter og gudstenester gjennom påska!

 

Sjå heile programmet her.

 

Meir info om Sirdal Huskyfarm kan du finne her.

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)