Sirdal Kyrkje

"Visst skal våren komme"

Publisert: 5. Mai 2014
Sirdal blandakor inviterar komande helg til "vårens vakreste eventyr" i Sirdal, nemlig konsert med kantaten "Visst skal våren komme". Konserten finn stad i Tonstad kyrkje søndag 11.mai kl 19.30.

Tekstane til denne mykje framførte kantaten er skrive av Eivind Skeie og musikken er komponert av Sigvald Tveit. Songane handlar om håp, og tekstane er inspirert av Openberringsboka  i Bibelen.
Den nye våren blir eit bilete på det evige livet der ’en ny himmel og en ny jord skal stige fram i nyskapt glans og skjønnhet’ for å sitere forfattaren Skeie.

Kantaten er ein komposisjon  med fine ’publikumsvennlege’ melodiar og harmoniar. Om våren tenker vi på fornying og vekst, fargar og tonar og dette gjenspeiler seg i melodiane.  

Sirdal blandakor har dyktige musikarar og solistar med seg, og dessutan forsterkingar frå koret Glede frå Sviland. 
 
Orkesteret består av fløyte (Marianne Havsaas), piano (Oddbjørn Stakkeland), kontrabass (Audun Ramo) og fiolin (Sebastian Grüchot). 
Solistar er Ragnhild Maria Sandvik og Kjetil Øygard Eidevik. Dirigent er Kjetil Øygard Eidevik. 

Kantaten blir framført laurdag 10.mai kl 18.00 i Sviland kapell, sjå plakat her, og søndag 11.mai kl 19.30 i Tonstad kyrkje, sjå plakat her

Inngang 100,- kroner. Konserten er sponsa av Sira Kvina kraftselskap og Østraadt Rør. 

Vel møtt til ein flott kveld!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)