Sirdal Kyrkje
Prosjektstilling i trusopplæringa, noko for deg?

Prosjektstilling i trusopplæringa, noko for deg?

Publisert: 14. Mai 2014
Sirdal sokneråd har no lyst ut ei prosjektstilling innan trusopplæringa i kyrkjelyden. Meir info im stillinga finn du under Les mer.

DEN NORSKE KYRKJA                   
Sirdal kyrkjelyd 

 

Størst av alt – Trusopplæringserformen i Den norske kyrkje omfattar no alle kyrkjelyder i Dnk. Sirdal kyrkjelyd kom med i reformen frå april 2014. Vi skal no utvikle ein samanhengande plan for kyrkjelyden si trusopplæring (0-18 år).

PROSJEKTMEDARBEIDAR SIRDAL KYRKJELYD

Arbeidsoppgåver
Hovedoppgåva for prosjektmedarbeidaren vil vere å utarbeide ein lokal plan for trusopplæringa i Sirdal sokn. Arbeidet vil skje i nært samarbeid med resten av staben, og Konfirmant- og undervisningsutvalet i kyrkjelyden. Det kan også vere aktuelt å delta på konkrete trusopplæringstiltak for barn/unge.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein person med sans for system og planarbeid, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Du må gjerne ha pedagogisk bakgrunn, men det er ikkje eit krav. Gode evner til å samarbeide er viktig. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper. Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid er ein fordel. Søkjer må vere medlem i Den norske kyrkje.

Vi kan tilby
- Ei interessant  prosjektstilling i inntil 25 % fram til 1.juli 2016, med høve for fast tilsetting
- Eit triveleg arbeidsmiljø i eit kreativt stabsfellesskap
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Stillinga har krav om politiattest. Meir informasjon om stillinga kan du få ved å ringe dagleg leiar Henning Huseby Jansen på tlf 97633127, eller ei av kyrkjelydsarbeidarane: Inger Solveig og Ragnhild Maria på 38371600.

Søknad med CV, referansar og evnt attestar sendast innan 5.juni til:
Sirdal sokneråd, pb 133, 4441 Tonstad

 

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)