Sirdal Kyrkje
Friluftsgudsteneste på Steiane

Friluftsgudsteneste på Steiane

Publisert: 26. Mai 2014
Sirdal kyrkjelyd har god tradisjon for friluftsgudstenester i sommarhalvåret. Den fyrste i år blir til Steiane Kr.Himmelfartsdag.

Gudstenesten er til vanleg gudstenestetid, og det kan vere lurt å ta med seg stol. Det er mogeleg å køyre heilt inn, men den som vil kombinere gudstenesten med ein fin tur,  kan parkere på parkeringsplass ved vegen og gå inn. Parkeringa ligg på venstre side av vegen like nord for Guddalsbrua, mellom Tonstad og Lunde.

Gudstenesta vil få preg av at det er Skaperverkets dag, noko som jo høver svært godt å markere på denne tida av året når alt veks og blir grønt og vakkert.  

Etter gudstenesten er det høve til grilling og ein hyggeleg prat. Ta med eigen grillmat.

Det er også mogeleg å bli med på ein guida Naturlos-tur vidare inn til Heimrestøl for dei som ønskjer å gå litt meir. Naturlos er Svein Hompland, som også er vert på hytta der gudstenesten skal vere.

Så er det berre å seie vel møtt både store og små til ein flott friluftsgudsteneste i Sirdal Kr Himmelfartsdag!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)