Sirdal Kyrkje
Friluftsgudsteneste ved Degdammen

Friluftsgudsteneste ved Degdammen

Publisert: 30. Mai 2014
Rammene rundt friluftsgudstenesten ved Degdammen i pinsa var heilt strålande. Været kunne ikkje vore betre, og mange kom for å delta.

Folk kom frå Øvre Sirdal og resten av kommunen, og nokre også frå andre stader i nærleiken. Mange nytta høvet til ein flott friluftsgudsteneste i fantastisk natur.
Gudsteneste starta kl 11.00, og vart leia av Sigurd Flydal. Musikken sørga Ivar Skregeli for.

Etter gudstenesta fortalte naturlos Torjus Kvæven om den gamle katolske gudstenestestaden Tolkohedlaren og om gardane som tidlegare låg i dette området og som no ligg under vatn.
Deretter blei alle ønskt velkomen til Torjus sitt båtnaust nokre minutt unna, til ein kaffitår og noko å bite i.  Gjestfridomen var stor og raus! Takk til alle som deltok i gudstenesta, og særleg takk til alle som bidrog til den flotte opplevinga!
Dette vil vi nok prøve å få til fleire gonger!

Foto: Terje Høiland

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)