Sirdal Kyrkje
God stemning under suppefestivalen!

God stemning under suppefestivalen!

Publisert: 23. Juni 2014
Den første suppefestival i Sirdal på lørdag blei ein flott dag.

 Stemninga var på topp, og mange nytta høvet til å besøke dei ulike standane i sentrum. Mykje god underhaldning på scena, god suppe hos ulike aktørar og gode tilbud i butikkane var nokre av ingrediensane dennen dagen. Kyrkja i Sirdal hadde eigen stand i hagen utanfor Kyrkjesenteret, og mange kom innom! Dei som kom fekk smake på Nådesuppe med både bøn(n)er og anna godt i, kokt av Oskar Haughom, Orgel-brus der ein må leggje øyret til flaska for å få med seg den flotte lyden, eller for å ta ein miljø-quiz ved Grøn kyrkjelyd sin stand. Her møtte ein Ane Benedikte Haughom som gjerne delte ut gode miljøråd. 

Kyrkjelyden ønskte også å markere satsinga på trusopplæring for barn og unge, og delte difor ut ulike "trusartiklar" der trusopplæringa sto i fokus. 

Som eit flott postludium til heile festivalen, inviterte kyrkja til orgelkonsert i Tonstad kyrkje med ekteparet Ingrid Berg og Arnfinn Tobiassen ved orgelet. Ingrid er sirdøl og godt kjent her. Dei spelte nokre stykker kvar for seg, og det siste firhendig. Betre avslutning på dagen kunne ein neppe ønske seg! 

Ein flott dag på alle måter! Det einaste som ikkje var heilt bra, var at vi gjekk tom for Nådesuppe... Det må vi gjere noko med neste år :)

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)