Sirdal Kyrkje
Olsokgudsteneste på Kvinen

Olsokgudsteneste på Kvinen

Publisert: 24. Juli 2014
Velkomen til friluftsgudsteneste på Kvinen turisthytte i Sirdal/Setesdal vesthei søndag 27.juli kl 12.30.

Som vanleg innbyr Sirdal kyrkjelyd siste søndagen i juli (olsok) til friluftsgudsteneste på Kvinen turisthytte. I år er det prest på Klepp stasjon, Frode Helvig, som står for gudstenesta. Han var påskeprest i Øvre Sirdal i år, og mange ser fram til å møte han att.

Turen inn til Kvinen er ein Naturlos-tur med Johannes Hompland som naturlos. Han er godt kjent i området, og vil både vise veg og dele av sin kunnskap om dette området. Det blir felles avgang frå Donsen i Solheimsdalen tre timar før gudstenesten tek til, altså kl 09.30. Innkjøring til Donsen er frå Tjørhom i Øvre Sirdal. Ta med eigen mat og drikke for turen.

Dei som ønskjer å nytte turisthytta sine fasilitetar, gjer opp for seg ved å fylle ut betalingsfullmakta som ligg på hytta, saman med kredittkortnummeret sitt.

Vermeldingane er gode for helga, så då er det berre å ønskje små og store vel møtt til ein flott fjelltur med friluftsgudsteneste på Kvinen førstkomande søndag!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)