Sirdal Kyrkje
Konfirmantjubileum på Tonstad

Konfirmantjubileum på Tonstad

Publisert: 26. August 2014
Søndag blei 50-årsjubileet for konfirmantane frå 1964 markert under gudstenesta i Tonstad kyrkje.

Ein rask prat  før gudstenesta med nokra av jubilantane, avslørte at dei hadde store forventningar til dagen.

Sokneprest Sigurd Flydal ønskte gullkonfirmantane velkomne i starten av gudstenesta, og fortalte at det i 1964 var 12 konfirmantar på Tonstad og 6 i Øvre Sirdal. Konfirmantane frå 1964 blei bedne om å reise seg under gudstenesta, slik at dei skulle sjå kvarandre og at resten av kyrkjelyden skulle få sjå kven dei var. Ein av jubilantane, Jorunn Kydland,  var tekstlesar under gudstenesta.

Under middagen etterpå på Tonstadli, gjekk praten livleg og jubilantane hadde mange minner å dele med kvarandre, både om personar og hendingar frå den tida, og korleis ting var både med omsyn til skulegang og konfirmasjonstid. Det var god stemning og praten gjekk livleg utover ettermiddagen. 

Takk til jubilantane for at dei kom og bidro til ein flott dag!

På bildet sjåast framme frå venstre:
Ingrid Fintland Tonstad, Tonny Lovise (Solhom) Rinden, Jorunn (Hompland) Kydland
Bak frå venstre:
Bjørn Arnfinn Ådneram, Arild Oddgeir Vik, Sigbjørn Skregeli, Kjell Roar Knutsen, Per Roald Haughom, Gunnar Torbjørn Feed, Johannes Inge Skeie, sokneprest Sigurd Flydal og Geir Tjørhom.

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)