Sirdal Kyrkje
Konsert i Kvævemoen kapell i samband med Sirdalsdagane

Konsert i Kvævemoen kapell i samband med Sirdalsdagane

Publisert: 1. September 2014
I samband med Sirdalsdagane komande helg, vil Sirdal Blandakor halde konsert i Kvævemoen kapell sundag kl 11.00.

Koret vil framføre «Visst skal våren komme» av Sigvald Tveit og Eivind Skeie. Dei får hjelp av Oddbjørn Stakkeland på piano, og solistar blir Ragnhild Maria Sandvik og Kjetil Øygard Eidevik. Sistnemnde er også dirigent for koret.

Koret hadde to konsertar med dette verket i mai, og dei var svært godt teke i mot av dei som fekk høyre koret den gongen. No er det altså ein ny sjanse. Konserten er gratis, men det vil bli tatt opp kollekt til dekning av utgiftene. Skulle det bli noko overskot, går det til kyrkjelydsarbeidet.

I samband med konserten blir det og ei miniutstilling av bilder frå jærkunstnaren Per Odd Aarrestad si hand. Han kjem til kulturkveld på Tonstad kulturhus i byrjinga av november og vil der tale om kunsten sin, men allereie no er det altså mogleg å få sjå nokre av bilda hans.

Så vel møtt til ein flott konsert og miniutstilling!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)