Sirdal Kyrkje
Basar på Tjørhom grendehus i haustferien

Basar på Tjørhom grendehus i haustferien

Publisert: 30. September 2014
Annakvart år i haustferien er det basar på Tjørhom grendehus, til inntekt for misjonsprosjektet i kyrkjelyden. I år er datoen fredag 10.oktober, kl 19.00.

 Basar på Tjørhom, Sirdal

I Øvre Sirdal arbeider ei misjonsforeining jamnt og trutt mot basaren på Tjørhom grendehus i haustferien. Basaren er til inntekt for misjonsprosjektet ”Centro Creer” i Ecuador. Dette er eit diakonalt prosjekt i regi av Misjonsalliansen, med fokus på å hjelpe born som lid under eit eller anna handikap. På facebook-sida "Kyrkja i Sirdal" finn du nokre bilder frå Centro Creer.

Misjonsforeininga driv i gammal stil med flotte handarbeid, og basaren har alltid mange eigenproduserte gevinstar. Stor brodert juleduk og  hardangersaumsduk ligg alt klar til basaren, det gjer også strikkeplagg til born og vaksne og mykje, mykje meir. Basaren skal som vanleg vera i haustferien til Øvre Sirdal og Rogaland, nærare bestemt fredag den 10.oktober kl 19.00 på Tjørhom Grendehus. Det blir åresal, hovedtrekning, mat og kaffi. Sokneprest Sigurd Flydal skal ha andakten.

Merk  dykk dagen og gled dykk til ein fin kveld saman med andre som vil støtte misjonsprosjektet!        

 

Tekst: Solbjørg Tjørhom og Henning Huseby Jansen

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)