Sirdal Kyrkje
Nærkontakt med misjonsprosjekt i Spania

Nærkontakt med misjonsprosjekt i Spania

Publisert: 1. Oktober 2014
Misjonærekteparet Mona og Hany kjem til Tonstad bedehus 19.oktober kl 11.00. Gå ikkje glipp av dette høvet til å møte eit spanande misjonsarbeid i Spania.

Sirdal kyrkjelyd har i mange år støtta Det Norske Misjonsselskapet (NMS) sitt prosjekt Håpets senter i Paris, eit arbeid mellom afrikanske innvandrarar. No har den lokale kyrkjelyden i Paris overteke ansvaret for Håpets senter, og Sirdal sokneråd har difor sett seg om etter eit nytt misjonsprosjekt.

NMS foreslo eit arbeid mellom nordafrikanske innvandrarar i Spania som vårt nye prosjekt, noko soknerådet gjekk inn for tidlegare i år. Dette er eit ganske nytt prosjekt for NMS, og Sirdal er den aller første kyrkjelyden i Norge som støttar dette prosjektet. Prosjektet har mange av dei same utfordringane som Håpets senter i Paris. Nordafrikanske innvandrarar strøymer til Spania, men ikkje alle er førebudde på kva som møter dei.

Språkundervisning og datakurs 
Under leiing av egyptiske misjonærar (to par) driv dei to senter med engelsk- og spanskundervisning, datakurs, leksehjelp og aktivitetar for barn. I tillegg har dei eit senter for kyrkjelydsarbeid, der det er gudstenester på arabisk kvar søndag.

Det er mange aktivitetar gjennom veka:
Måndag: Sykkelklubb for tenåringsgutar. Syklane har dei fått gratis frå nokre forretningsmenn.
Tysdag og torsdag: engelsk- og spanskklassar for vaksne og leksehjelp for barn.
Onsdag og fredag: leseklasse for kvinner
Laurdag: Sportsklubb for dei unge med trening på stranda før dei tar ein prat om livet og kvardagen.
Søndag: gudstenester på arabisk.

I tillegg er det fotballturneringar, rap- konsertar, hobbykurs og samtalegrupper.

Det er eit mangfoldig arbeid kyrkjelyden vår no vil støtte, og det er i sanning eit fargerikt fellesskap av medarbeidarar frå Egypt, USA, Venezuela, Argentina og Spania.. Vår støtte går til drift av sentera, undervisning, aktivitetar, leiker og materiell til evangelisering.

Besøk på Tonstad av eit av misjonærektepara
To av dei egyptiske misjonærane som arbeidar ved prosjektet i Spania, Mona og Hany, kjem til Norge i desse dagar. Dei vil vitja NMS i Stavanger og Sirdal kyrkjelyd for å fortelje om arbeidet dei driv. Dette er ei flott anledning til å bli kjent med det nye misjonsprosjektet vårt, så sett av søndag 19.oktober kl 11.00 på Tonstad bedehus.  Mona og Hany vil fortelje om prosjektet, og også ha ei andakt. Åslaug Ihle Tingnæs frå NMS vil tolke dei.

Vel møtt til eit unikt møte med misjonsarbeidet i Spania!

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)