Sirdal Kyrkje

"Vann forandrer alt" - ei oppmoding til lokale bedrifter

Publisert: 13. Oktober 2014
Sirdal kommune gir 30000 til TV-aksjonen 19.oktober, og oppmodar lokale bedrifter til å delta i gjevarstafetten. Tonstad bakeri er først ut, med eit bidrag på 5000 kroner. Kven er neste?

TV-aksjonen fyller 40 år i 2014!
I alle desse 40 åra har dette vore ein stor nasjonal dugnad der heile landet får høve til å bidra med pengar til eit viktig arbeid. I år går pengane til Kirkens Nødhjelp, som har satt overskrifta "Vann forandrer alt" for aksjonen i år. Målet er å gje 1 million menneske varig tilgang til reint vatn!

For å nå dette høge målet, trengs det mange små og store støttespelarar, både bøsseberarar og gjevare. Tonstad bakeri er først ut i ein gjevarstafett mellom lokale bedrifter i Sirdal, og dei gjev 5000 kroner. Samstundes oppmodar bakeriet andre lokale bedriftar til å gjere det same.

På bildet står ein av KN-kontaktane i Sirdal kyrkjelyd, Inger Solveig Høyland, saman med Dagny Irene Tonstad Torsteinbø frå Tonstad Bakeri. Dei håper på stor innsats både før og under TV-askjonen.   

 

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)