Sirdal Kyrkje
Kulturkveld med Per Odd Aarrestad

Kulturkveld med Per Odd Aarrestad

Publisert: 22. Oktober 2014
Vel møtt til eit spennande møte med kunstnaren bak skulpturen på Eliastunet og glasskulpturen i Tonstad kraftstasjon. Per Odd Aarrestad kjem til Kulturhuset tysdag 4.november kl 19.00.

Aarrestad vil fortelje om kunsten sin, om det å vera kunstnar, om kva venleik er eller kan vera, og særleg om kyrkjekunst. Medan han fortel, vil han også teikna, for å illustrere kva han meiner. Vi får sjå noko av kunsten hans på storskjerm, og det blir høve til spørsmål og samtale. Sjølv om han har sagt at ”Hadde jeg hatt ord, ville jeg sagt det”, er han en god formidlar også med ord. Forklaringane hans tydeleggjer og set ting i samanheng, og peikar på mangfaldet i tolkingane av kunsten, meir enn det eintydige.

Kven er så Per Odd Aarrestad?

Aarrestad er jærkunstnaren som mellom mykje anna også har laga steinskulpturen på Eliastunet (1996),  og glas-skulpturen i Tonstad kraftstasjon (1991). Dei siste 30 åra har han signert nærare 40 offentlege utsmykningar, derav 30 i kyrkjer. Nokre av kyrkjene han har vore med å utsmykka er Brynekyrkja, Gand kyrkje og Hana kyrkje.

Han blir kalla multikunstnar av di han arbeider med mange teknikkar og materialar: teikning, grafikk, skulpturar i tre, stein, glas og metall. Skulpturen på Eliastunet er til dømes laga av meir enn stein: den inneheld òg både glas og stål.

Kulturutvalet lovar at alle som tek turen til Kulturhuset vil bli med på ei spennande kunstreise og eit gripande møte med ein stor kunstnar! Det blir også pianomusikk ved Ragnhild Maria Sandvik, og enkel matservering. Pris kr 100,-Arrangør er kulturutvalet i kyrkja.

Foto: Henning Huseby Jansen

Kommentarer

 
Aktiviteter
Tonstad barnekor
Tonstad barnekor
Sprell Levande
Sprell Levande
Konfirmantar
Konfirmantar
Babysong
Babysong
Sirdal Blandakor
Sirdal Blandakor
Fairtrade       Kirkens Nødhjelp       Level Samliv       Nettkyrkja       Kirkens SOS       

Nyttig

Sirdal Kyrkjelyd


Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad

Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)

Kilde: www.sirdal.kyrkja.no

Sirdal Kyrkjelyd

Kyrkjesenteret, Tonstadvegen 25
4440 Tonstad
Postboks 133
4441 Tonstad
38 37 16 00
38 37 16 01
post@sirdal.kyrkja.no
876993112
Tysd-torsd 08.00 -15.00 (kan vere stengt pga møter og anna)